torsdag 11. juli 2013

FahrOut-vorspiel på fjorden fredag kveld



Vergudane er på lag, og det blir flytande festivalvorspiel med PapaFahr Out Band fredag kveld!

Tid: 20.00

Stad: Kaia i Todalen.

Eit vorsiel langt utanom det vanlege, og eit godt stykke frå land: Bli med på sjørøvarskuta Munin under kommando av Even Barbarossa Dromnes ut på fjorden. PapaFahr Out Band spelar gratiskonsert på ein flåte ute på sjøen, og publikum heng på. Vi reiser dit vinden vil ha oss. Dette blir uhøyrt bra.

onsdag 10. juli 2013

Låven på Leitet har plass til dykk alle

Tre dagar att til La Vida Leitet! Her kjem nokre viktige saksopplysningar:

1. Somme har lurt på om La Vida Leitet foregår innandørs eller utandørs. Difor denne oppklaringa: Alle konsertane skjer INNE PÅ LÅVEN på Leitet. Der er det god plass til publikum. Så om det kjem ei regnskur, blir det berre hyggeleg pausemusikk med dropar som trommar på låvetaket.

2. Inne på låven er det bar med sal av øl, vin og mat. Det er IKKJE lov å ta med medbragt inn på låven. Men ute på resten av festivalområdet gjer folk som dei vil.

3. HUGS KONTANTAR. Vi prøver å få på plass ei løysing med ein mobil kortterminal, men det er framleis usikkert om det ordnar seg. Og næraste minibank er 18 kilometer unna på Aure. Difor tilrår vi alle å nyte den gode, gammaldagse kjensla av å stappe masse sedlar i lommar og vesker før de kjem.

søndag 7. juli 2013

Sandvolleyball til folket

Det er berre seks dagar att til La Vida Leitet, og vi har ein ny attraksjon klar. Sandvolleyballbanen nede ved stranda i Todalen manglar no berre nett, ball og ein gjeng overstadig muntre folk i altfor tronge badeklede. Banen er til fri bruk for alle, før festivalen, under festivalen og alle dagar så lenge verda står.
På biletet ser de festivalvert Cato Nævra Sivertsen og dugnadshelt Anders Bergslid.

tirsdag 25. juni 2013

Kven blir Todalsmeister i handbak 2013?


Vi har ein ekstra attraksjon på Leitet i år: Open Todalsmeisterskap i handbak!

Turneringa startar 18.15, og går føre seg på tunet på eit forskriftsmessig handbakbord som vist på biletet. Biletet syner forresten festivalvert og storbonde Cato Nævra Sivertsen i aksjon under ei handbakturnering på ein nedlagd flyplass i Minsk i 2008. Nei, det er ikkje tull.

Semifinale og finale i både dame- og herreklassen blir haldne på festivalscena i løpet av kvelden. Vi har sett eit tak på 16 deltakarar i kvar klasse, først til mølla. Påmelding til den alt nemnde Cato.

Vinnaren i kvar klasse pluss ein sjølvvald ven, slektning eller elskar får refundert billettprisen og gratis sigersbacalao, pluss djup respekt over det meste av Nordmøre.

Dette skal du ha på deg i sommar

Da er årets La Vida Leitet-t-skjorte klar for trykking! Prisen er som i fjor og forfjor: 150 kroner. Takk vere lønsveksten blir Leitet-skjortene med andre ord billegare og billegare for kvart år. Dessutan blir dei finare og finare.



søndag 9. juni 2013

Polkabjørn og Kleine Heine skal live opp Leitet!



Da er tida inne for å røpe kven som blir hovudattraksjonen på La Vida Leitet 2013: Polkabjørn og Kleine Heine.


Denne trekkspel- og vokalduoen frå Romsdalen har gjeve jodlinga eit menneskeleg andlet, dei har varma 27 000 menneske på avskjedsturneen til A-ha, dei har ridd på kamel, og dei spelar rolla som seg sjølve til perfeksjon i dokumentaren "Kunsten å jodle", som vart vist på NRK i fjor vår.


Polkabjørn og Kleine Heine har kalla musikken sin for "knallhard satanpolka". Dei kombinerer djup musikalitet med ein makelaus humor, og liknar ikkje på noko anna enn seg sjølve. Det er grunn til å vente seg ein konsert langt utanom det vanlege på Leitet laurdag 13. juli.

Smaksprøver og anna rart finn du her:
Myspace:
Trailer frå filmen "Kunsten å jodle":
Facebook:

torsdag 30. mai 2013

Om årets artistar

Elisabeth Torstuen er ei komande stjerne frå Aure, med ung og kraftfull røyst. Det blir sagt at ho kan få alle songar til å bli country, same kva sjanger dei var i utgangspunktet. Torstuen syng både eigne og andres songar med autoritet, og kjem med eit drivande band som vil skape fest på låven.

PapaFahrOutband er basert i Trondheim, og spelar fengande americana, framført med rusten og rutinert røyst. PapaFahr gav ut første plata si i 1985, og har sidan reist verda rundt med sin eigen "Invisible festival". Til Leitet har han med seg stødig komp frå sitt trufaste PapaFahrOutband.

Birds of Speech vil somme hugse frå dei flotte konsertane dei spelte i Aure i fjor. Dette drivande dyktige jazzbandet stammar frå Stockholm. Årets utgåve er noko røffare, og dei omtaler sjølv musikken sin som ørkenrock, viddepunk og elektrofunk.

Ella Guru kjenner mange frå La Vida Leitet eller Rock mot ras. Bandet er Trondheimsbasert, men to av medlemmene har vokse opp i Todalen. Ella Guru spelar post-punk, og har blitt omtalte som «ein flokk flodhestar i eit glasmagasin». Bandet har mellom anna vore i Noregsfinalen i Zoom Urørt og har vore kåra av Adresseavisen som eitt av Trondheims mest lovande band. Musikken er rytmisk, hard, rask og høg.

Krank er det trufaste husbandet på Leitet, slik det òg var det på Rock mot ras. Dette akustiske folkrockbandet med utspring i Todalen er mellom anna kjent for tolkingar av songar som «Barbie Girl» og «La Isla Bonita», og for den lokale folkesongen om Magnill.